Den 25.06.2026 20:58, skreiv Karl Ove Hufthammer:
Hei!
Her er forslaga mine for revisjon av orda i fellesordlista vår (https://l10n.no/nb/Fellesordl.eng-no.html#d) som begynner på bokstaven D (pluss eitt relatert ord som begynner på B):
https://gitlab.com/l10n-no/l10n-no-dok/-/merge_requests/13/diffs?view=parall...
Har de konto på GitLab, kan de kommentera direkte der. Elles kan de kommentera her på lista.
Her er ei (meir eller mindre lettleseleg) diff-vising av tabellen før og etter: 328c326,328
< burn -v brenne, etterbelyse [foto]
gjør mørkere [foto], burn -v etterbelyse/etterbelysning [foto, teknisk]
"brenne" er nok frå CD-brenning. burde vi vere eksplisitte på at vi heller vil bruke "skrive" eller "lagre"? eg synest "brenne" framleis er fint, men eg er jo gammal.
< debugger feilsøkingsprogram
debugger feilsøker
her vil eg behalde -program. ein feilsøker ville vere rett omsetjing om det er yrkestittelen det er snakk om, tenkjer eg.
< deiconify gjenopprett
hoho, blast from the past! (iconify/deiconify var terminologi i tidlege vindussjefar for minimering av vindauge.)
< delete slette, fjerne, slettetast
delete slette, fjerne, [Delete = Rettetast]
her er eg ikkje einig, "rettetast" må vere backspace, ikkje Delete. "slettetast" er bra namn på Delete.
634c620
< digitizer 1. analog til digital omvandler
digitizer 1. analog-til-digital-omvandler
dette er vel litt misvisande? eg tenkjer på Wacom teiknebrett og slikt når eg ser "digitizer". i gamle dagar brukte ein også dette om ein video-opptakar som gjorde analog video om til digitale filer. (trur forresten at "1." må vere ein artifakt av feil HTML-listetype ein gong i tida.)
647,651c632,634 < discretionary access skjønnsmessig adgangskontroll
hrm. vi vil ikkje behalde dette med "finmaska tilgangskontroll" elns då?
< DTP DTP (se«også»desktop publishing)
DTP DTP (se også desktop publishing)
føler at dette også kan droppast frå lista i 2026.