Som nokre av dykk kanskje veit, held eg på med omsetting av Linux-distribusjonen Mandriva Linux til nynorsk. Mandriva inneheld blant anna mange flotte grafiske verktøy for system- oppsett, og det er totalt cirka 14 000 tekstar som kan omsettast.
De finn statistikk (som ikkje vert oppdatert akkurat no) på http://www1.mandrivalinux.com/l10n/nn.php3 (Merk for øvrig at dei tre siste «pakkane» ikkje vert tekne med i totalsummen for kvar kolonne.)
Er det interesse for at eg skal legga inn desse omsettingane (og bokmålsomsettingane) i Skulelinux-SVN-arkivet? Eg innbillar meg at dei vil vera nyttige å bruka i omsettingsdatabasen i KBabel.
Viss ja, vil eg legga filene under «i18n/other», som med andre eksterne omsettingar, og overføringa vil i utgangspunktet fungera éinvegs.