Hei liste Har vore utan Internett noen dagar, difor litt forseinka innlegg. Eg har lagt ut eit forslag til verktøynamn og snarvegtastar for GIMP på http://home.online.no/~kol-stue/gimp/snarveg.html Kanskje eit grunnlag for ein eventuell diskusjon?
----- Original Message ----- From: karl@huftis.org To: i18n-no@lister.ping.uio.no Sent: Wednesday, July 11, 2007 10:56 AM Subject: Re: [i18n-no] SprXkkoordinering
Petter Reinholdtsen:
3.. Snartastane i GIMP følgjer førebels engelsk mønster. Bør også desse "omsetjast" til norsk?
Personlig preferanse er å ha samme hurtigtast på alle språk, slik at de snarveiene jeg har lært meg er uavhengig av oversettelser.
Ja, dette har me diskutert før, og me er vel alle einige om dette. At det ikkje har blitt gjort i ymse Windows-program har ført til meir skade enn gagn. Ein er for eksempel van med «Ctrl + F» for «Finn»/«Søk etter» i mange program. Prøver enn det i norsk MS Word (iallfall tidligare versjonar) får ein plutselig halv*f*eit skrift. Og kva er snøggtasten for søk der? «Ctrl + B» faktisk. Lite intuitivt og veldig forvirrande.
I dei alle fleste program er det dessutan ikkje mulig å omsetta snøggtastane.
Snarvegtastar bør for øvrig absolutt omsettast, som forklart i dei språklege retningslinjene.
Burde kanskje heller vente til etter feriemånaden med slike ting?
Mulig at folk er mer tilgjengelig da.
Eller mindre. Dei har iallfall mindre fritid til å bruka på omsetting.
GIMP er etter kvart på veg inn i m.a. skoleverket, og då er det greitt å ha utarbeidd fagtermane før programmet blir alt for mykje utbreidd.
Ja. Men sjølv hatar eg GIMP både sterkt og inderlig, og synest det er eit tungvint, uelegant og dårlig utforma program.
Heldigvis skjer det heftig utvikling av Krita, som ser ut til å bli eit veldig godt, brukarvenlig, kraftig og intuitivt program, skikkelig integrert med KDE og andre program og programtillegg og ikkje minst maskinvare (som elektronisk «penn og tavle»), og med god støtte for alle relevante standardar. Det vert verkelig eit supert program for skulebruk.
Og for småtrinnet bør Tux Paint helda. :)
Skal ikkje ta opp diskusjonen om kva program som er best. Ein av grunnane til at det finst ulike program for same bruksområdet, er vel at folk har ulike behov og ønskjer. Har også mykje med vanen å gjere. Har ein først lært seg eit program, skal det ein del til å skifte, sjølv om det nye programmet kanskje er betre. Men eg har til gode å hata eller elska eit program ;-)
mvh Kolbjørn Stuestøl
-- Karl Ove Hufthammer
i18n-no mailing list i18n-no@lister.ping.uio.no https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no