Hei!
Eg har nettopp omsett ein modul om elektrisitet i leik-og-lær-spelet GCompris (https://gcompris.net/index-nn.html). Kort sagt er det ein pedagogisk aktivitet der ein lærer om elektrisitet ved å laga (virtuelle) elektrisk krinsar, ved for eksempel å kopla lyspærer til batteri.
Men det er ei god stund sidan eg heldt på med slikt sjølv, så eg er litt usikker på om eg har fått terminologien og fysikken heilt rett. (Og eg mistenker at dei engelske originaltekstane ikkje er heilt gode heller.)
Er det nokon her på lista som har litt erfaring med elektriske krinsar og kan ta ein kjapp kikk på omsettinga? Eg har lagt ut ei nettside der de kan sjå originaltekstane og mi omsetting:
https://huftis.org/kritikk/gcompris/analog-electricity.html
Det eg treng mest, er tilbakemelding på terminologien, men om de finn skrivefeil eller dårleg språk, tek eg sjølvsagt imot meldingar om det òg! :)
Send tilbakemelding på e-post direkte til meg eller her til diskusjonslista.
Vennleg helsing Karl Ove Hufthammer