Karl Ove Hufthammer skreiv 11.07.2024 19:01:
verkar nesten som overkill for dette formålet. eg har sansen for MkDocs sidan det kan lage ein heilt statisk nettstad som likevel har integrert søk. men den som gjer jobben bestemmer 🙂
Slik er det med Quarto òg. Ein får i utgangspunktet heilt vanlege, statiske nettsider og med integrert søk. Det dynamiske går ut på at ein kan ha programmering (via Python eller R) ved generering av det statiske innhaldet.
Eg har lagt ut ein testversjon på korleis det kan sjå ut (merk søkefunksjon oppe til høgre):
https://huftis.org/kritikk/tmp-l10n-no-dok/retningslinjer.html
Dette er direkte generert med Quarto frå Markdown-versjonen. Samanlikn ev. med den opphavlege HTML-versjonen:
https://i18n.skolelinux.no/retningslinjer.html