Fredag 11. juli 2008 skreiv Kjetil Torgrim Homme:
Eg synest ikkje det. «loopback» vert jo gjerne brukt utan «mount», i for eksempel «loopback device», som kan han heita «filmonteringseining».
det er ikkje så ofte at nettverksgrensesnittet "lo" vert brukt som "filmonteringseining". du tenkjer kanskje på "loop device"? "loopback device" har eg ikkje noko godt framlegg for omsetjing av ("intern-nettverk"?). kanskje ein kan lage ord basert utifrå "kopla i løkke", men å etablere ny terminologi er alltid vanskeleg.
Eg snakkar om «loopback» i filmonteringssamanheng, som brukt i Mandriva (sjå gjerne omsettingsfilene i SVN for samanhengen).
(det ser forresten ut til at mange av meldingane dine forsvinn inn i spam-mappa mi pga. du brukar ein e-postlesar som bryt RFC-ane. på tide å oppgradere, kanskje?)
Tippar det er fordi eg av og til har brukt «webmail»-tenesta til å svara. Den er ganske dårlig. Dette er programmet eg brukar til vanlig. Ser ting rett ut her?
For øvrig, kva er det i kva RFC-ar som vert brotne?