Den 28.01.2014 02:01, skreiv Olav Dahlum:
Du har rettigheter i bokmålsprosjektet, så kom med forslag. Vi trenger uansett flere folk til disse jobbene ettersom to er for få på et slikt prosjekt.
I Pootle server kan eg laste opp filer på ulike måtar. Ein av dei er «Add all new translations as suggestions». Kan eg bruke den innstillinga for å laste opp forslaga mine utan å øydeleggja eksisterande filer/arbeid? I tilfelle ja, vil det vera forholdsvis enkelt å omsetje Logo-filene mine til bokmål og laste dei opp som forslag.
Pootle server er ein grei måte å omsetje på, men innlastinga går tidvis svært sakte, både pga. (forholdsvis) tregt (10 Mb/s) Internett hos meg og fordi Pootle-tenaren ofte treng mykje tid. Difor omset eg helst på nedlasta po-filer.
Helsing Kolbjørn Stuestøl