su. den 17. 02. 2013 klokka 00.22 (+0100) skreiv Karl Ove Hufthammer:
Så vidt eg kan sjå, er det fire alternativ:
Arbeidarane sin internasjonale kampdag Arbeidaranes internasjonale kampdag Den internasjonale kampdagen for arbeidarane Den internasjonale kampdagen til arbeidarane
Kven av desse bør me velja?
Eg fekk ingen tilbakemeldingar på dette på to veker, så eg bestemte meg sjølv. Det vert «Arbeidaranes internasjonale kampdag» (delvis fordi s-genitiv er i samsvar med dei andre namna).