Thomas Gramstad skreiv 05. juni 2018 00:32:
Kva er bussfaktoren¹?
Per idag er vi flere i styret som administrerer lister på serveren, og NUUG har også en egen driftsgruppe som er behjelpelig ved tekniske problemer.
Det er nok driftsgruppa som er det avgjerande her. Kven som er listeadministratorar er (bør iallfall vera) noko me sjølve kan velja. Eg er sjølv listadministrator for i18n-no, i18n-nn og i18n-nb i dag, og kan godt vera det for den nye lista også. Men listeadministratorar modererer berre meldingar og kan endra innstillingane for listene; dei styrer ikkje det tekniske. (Me har fleire listeadministratorar for i18n-no-lista i dag, men ingen av dei kan gjera noko dersom lista sluttar å fungera.)
Elles var eg ganske negativ til Mailman i ein tidlegare e-post, då Mailman ser og kjennest håplaust gammaldags ut (sjølv om det fungerer teknisk sett greitt nok). Men no ser eg nye Mailman (3+) har fått eit veldig mykje betre, meir elegant listearkiv. Demo på:
Oversikt over lister: https://lists.fedoraproject.org/archives/ Arkiv for ei liste: https://lists.fedoraproject.org/archives/list/users@lists.fedoraproject.org/
Jeg vet om Mailman 3, men har ikke testet den. Et krav fra min side er å kunne gjøre listeadministrasjon via kommandolinje (slik som med listadmin-skriptet), og ikke måtte gå inn på websider.
Det er nok kjekt å ha, men er ikkje så nødvendig for min del, iallfall. Me får *nesten* aldri legitime meldingar fanga opp i filteret (det skjer viss nokon sender melding til lista utan å sjølv vera medlem). Så i praksis fungerer det fint å logga inn på nettsida kanskje ein gong i veka, sjå kjapt gjennom lista over meldingar og trykka (noko tilsvarande) «Slett alle»-knappen. Veldig kjapt og enkelt. Og om me er fleire som kan dela på ansvaret, er det endå betre. (Eg ser det er nokon som regelmessig ryddar opp i i18n-no, så konsentrerer meg vanlegvis om å moderera i18n-nn- og i18n-nb-listene.) Det bør vel gå å få nokon frivillige? (Me har rundt 130 medlemmar på i18n-no lista i dag …)
Men merk at me får *mykje* reklame til listene – fleire meldingar kvar dag.
*Vert* han faktisk vedlikehalden? Og har han fått manuelle tryggleiksoppdateringar? Det har jo vore funne fleire tryggleiksfeil i Mailman sidan 2006.
Dette må driftsgruppen til NUUG svare på.
Kan du spørja driftsgruppa om dette?
Eg ser nemleg på for eksempel https://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart at versjonen er 2.1.9. Ifølgje https://bazaar.launchpad.net/~mailman-coders/mailman/2.1/view/head:/NEWS kom denne ut 12. september 2016. Allereie 21. april året etter kom ein ny versjon som tetta eit tryggleikshol. Og det har vore *mange* rettingar av tryggleikshol i versjonane etter dette.
Eg er klar over at ein av og til «tilbakeportar» rettingar av tryggleikshol til eldre versjonar, for eksempel i «stable»-utgåver av Debian. Men sjølv den eldste stabile versjonen av Debian, «Wheezy» («oldoldstable») har ifølgje https://packages.debian.org/search?keywords=mailman ein mykje nyare versjon enn den som er på lists.nuug.no. (Og LTS-støtte for Debian «Wheezy» gjekk ut for ei veke sidan.)
Me bør køyra ein versjon som er *nokolunde* ny, spesielt av tryggleiksgrunnar, men òg for funksjonaliteten si skuld.
Andre alternativ er å *betala* for profesjonell vertskap for lista. Det er fleire selskap som tilbyr dette. Sjå for eksempel https://www.mailmanlists.net/ (frå $3 i månaden). Men då må nokon betala (kronerulling?) og me treng helst ein økonomi (ein organisasjon?).
Eg kan forresten òg ha lista på det private domenet mitt (er inkludert i prisen eg alt betalar), men det vil igjen medføra stor bussfaktor.