Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com skreiv i innlegget news:200404191143.30329.gaute@verdsveven.com:
Torsdag 15. april 2004 23:00 skreiv Kjetil Torgrim Homme:
ja, eg synest definitivt ikkje «kjør» er "kompatibelt" med a-infinitiv.
Det er eg heilt ueinig i, men eg føretrekk no «køyr» likevel.
Elles er lista på http://i18n.skulelinux.no/nn/sprakval.txt litt meir bokmålsnær enn kva eg eigentleg føretrekk.
Eg er ikkje heilt einig med alle formene heller, men synest det meste er OK. Her er dei formene eg mindre begeistra for:
(besøkje, ikkje vitje) gi, ikkje gje oppførsel, ikkje åtferd svært, ikkje særs vi, ikkje me
Eg vil helst ha med «handsama», «verta» og «gje»,
Og «handsama» er vel det ordet som blir *brukt* i administrativ nynorsk? (Eg har vakse opp med kommunestyremøte på lokalradioen. ;)
Elles føretrekk eg «bli» framfor «verta», men «vart» i fortid («vart» er offisiell preteritumform av «å bli»).