(Er det noko gale med lister.ping.uio.no for tida? Eg får berre innlegga mine i retur ...)
Torsdag 15. april 2004 23:00 skreiv Kjetil Torgrim Homme:
ja, eg synest definitivt ikkje «kjør» er "kompatibelt" med a-infinitiv.
Det er eg heilt ueinig i, men eg føretrekk no «køyr» likevel.
Elles er lista på http://i18n.skulelinux.no/nn/sprakval.txt litt meir bokmålsnær enn kva eg eigentleg føretrekk. Lista vart laga fordi dei som i byrjinga betalte for nynorskomsetjinga var «livredde» for konservativ nynorsk. Etter kvart som eg omsette, skreiv eg difor opp ord i denne lista.
Eg vil helst ha med «handsama», «verta» og «gje», men elles er lista grei nok for min del, trur eg. Det kan vera nyttig å gjera henne til ei fellesliste.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes