Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com skreiv i innlegget news:3D42BBD0@epostleser.online.no:
Eg har ikkje hørt *nokon* argumentasjon frå dykkar side for å blanda a- og e-endingar heilt utan system. Og folk (språkfolk) *vil* sjå på ei slik blanding som vakling. Ein korrekturlesar av lærebøker ville sannsynligvis slått ned på dette. De *vil* få kritiske spørsmål om kva system som blir brukt. Då bør de ha gode svar!
Konsekvent -en-ending kan ikkje brukast, det ligg utanfor læreboknormalen.
Eg har då ikkje hevda ein skal gå utanfor læreboknormalen. Men dei fleste hokjønnsorda har både -en og -a og i bestemt form. Då bør ein IMO velja *ei* av formene. Det blir uansett håplaust å laga ei liste over alle hokjønnsord i bokmål.