Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com writes:
På norsk er det rettare å bruka 'slike' sitatteikn (og endå rettare med «slike», men dei kan ein vel ikkje vera sikker på visest rett overalt?).
Jau, dei er ein del av ISO 8859-1 på lik linje med æøå, så det skal gå finfint.
Eg såg du retta nokre slike i minst ei KDE-fil og -- dette bør vera konsekvent, og eg stemmer for 'denne varianten'.
9 9? Bruk i det minste 6 9, altså `denne varianten'. Men aller helst, «slike».
Kjetil T.
PS. For sitat i sitat (skjer vel heller sjeldan i våre tekster) vil eg føretrekkje `' framfor <>, sidan <> vanlegvis ikkje er designa for å brukast som sitatteikn.