* Håvard Korsvoll (2006-03-03 12:34):
Alle innsendingar blir verande i databasen. Ingenting blir sletta. Men ein kan seie at den oppføringa med nyast dato har presedens over dei føregåande oppføringane. For denne så ser ein at begge har same dato, og difor blir likeverdige. Det blir eit problem for det skriptet som skal hente ut informasjon frå databasen om korleis ein skal handtere slike situasjonar.
Korleis speling.org hentar ut informasjon frå fleire oppføringar når det blir sendt ut e-post til korrektur har eg ikkje full oversikt over. Det er fint om Jacob kan forklare det.
Det var nett dette eg sat og lurte på no. Korleis skil ein ei retting frå ei ny oppføring av same ordform? Døme:
Dersom substantivet "snik" ligg inne, og eg sender ein post om den verbale imperativforma "snik", korleis veit då systemet/skriptet at eg ikkje har retta frå substantiv til verb, men lagt til ei ny oppføring?
Dersom det ligg inne ei oppføring om det svake verbet "sleppa", og eg legg til ei oppføring av det sterke verbet "sleppa", korleis veit då systemet/skriptet at eg har ikkje har gjort ei retting? Kanskje er den einaste skilnaden mellom postane synonymlista.
Det eg trur manglar her er ein unik måte å identifisera nemneforma av eit leksem. Dersom ROOT var unik for kvart leksem, ville det gå fram at dette ikkje var rettingar. Sjå Nynorskordboka for dømet med sleppe, der er dei to verba eg nemner kalla "II sleppe" og "III sleppe". I tillegg finst substantivet "I sleppe". Sjå her:
Men dette løyser ikkje heile problemet, for det same oppstår når ulike bøyingsformer av same leksem er like. Til dømes, dersom "kasta" ligg inne som verb, preteritum, og eg legg inn "kasta" som verb, perfektum partisipp, korleis veit då systemet/skriptet at dette ikkje er ei retting, men ei separat oppføring?
Erik