On Mon, 2007-11-26 at 16:32 +0100, Karl Ove Hufthammer wrote:
Sjølv brukar eg følgjande i mi «~/.bashrc»-fil:
export LANGUAGE=nn:no:nb:da:en_GB:en@quot export LANG=nn_NO.UTF-8 export LC_ALL=nn_NO.UTF-8
LC_ALL overstyrer LANG og alle andre LC_xxx, så det er ikkje noko poeng å setje båe delar. det fungerer altså slik at LANG spesifiserer kva som skal brukast om når ikkje noko anna er spesifisert. ein kan nemleg velje å få sortering på engelsk og programtekster på norsk, ved å seie
LC_MESSAGES=nn_NO.UTF-8 LC_COLLATE=en_US.UTF-8
viss LANG er nn_NO.UTF-8, er det overflødig å setje LC_MESSAGES.
som ein kuriositet kan eg nemne at eg brukar LC_TIME=en_DK.UTF-8, då får eg engelske klokkeslett, men med 24-timars klokke. det er altså mogleg å blande relativt fritt, sjølv om det i ein del tilfelle vil vere varierande kor godt det passar saman.