Kolbj�rn Stuest�l:
- feather edges -> myke kanter (vi har allerede feather -v -> lag
myk kant)
Ikkje for å hale ut diskusjonen, bare som ei meiningytring (eg godtar Fellesordlista): Etter å ha brukt "fjørkant" eit par år, finn eg dette ordet heilt naturleg og for meg eintydig. Eit bilde kan ha fjørkantar, eller ein kan fjørkante eit utval.
Eg òg likar «fjørkant». Synest godt me kan ha menyvalet «Lag fjørkant», men er ikkje so begeistra for verbifiseringa «å fjørkanta».
- rotate -> dreie, rotere
Fint at du også tok med rotere. Som funksjonsnamn meiner eg "dreie" er heilt ok. Har derimot litt problem m.o.t. namnet på verktøyet. "Dreieverktøy" fører tankane mine til heilt andre reiskap enn utstyr for å rotere bilde. Men kanskje dette også blir ein vane? Er det råd å bruke "roteringsverktøyet" for å dreie eit bilde, eller vil dette bli for vanskeleg for brukaren? Har til nå brukt både "rotere", "dreie" og "vende" for denne funksjonen. Det siste fordi det samsvarar med "spegelvend" som vi blei samde om tidlegare. For tida står det difor "vend 90 grader mot klokka" i po-filene mine.
Det hørest heilt feil ut for språkkjensla mi. Her må det vera «Roter 90 grader mot klokka». Det er jo ikkje snakk om vending, men om rotering.