Eg held på å setta om GCompris til nynorsk, og der er det med nokre puslespel av kjende (og mindre kjende) måleri. Namna på desse skal omsettast til norsk.
Var innom bibiloteket førre helg, og fann namna på eindel av dei, men nokre manglar. (Eitt av kunstleksikona var òg utlånt, og er det visst framleis, etter det eg kan sjå.) Er det nokon her som kan ta seg bryet med å prøva å finna kva «offisielle» namn desse måleria har fått på norsk (ev. dansk)?
Bazille, The Ramparts at Aigues-Mortes - 1867 Cassat, Summertime - 1895 [trur dette skal vera 1894] Vincent Van Gogh, Village Street in Auvers - 1890