I natt køyrde skripta i KDE-CVS, så omsetjingsfilene er no oppdaterte med siste utgåve av malfilene. Eg har lagt dei oppdaterte filene tilbake i Skulelinux-CVS, og det kan henda det er ein del meir å gjera for bokmålsomsetjarane no. Malfilene vert truleg ikkje endra meir før KDE 2.2.1.
Eg har òg oppdatert KDE-CVS med dei aller siste filene som vart lagde til i no/messages/kdebase.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes