Eg snubla tilfeldigvis over denne sida: https://titan.uio.no/blogg-blogg-blogg/2016/darlige-passordrad-fra-datatilsy...
Der er «hash algorithm» omsett til «avtrykksalgoritme». Og det var vel ikkje så dumt?
Eg ser me har brukt ulike ord på norsk for «hash», både for ulike presisjonsnivå og (litt) ulike tydingar:
Når «hashing» vert brukt til sjekking av filinnhald, for eksempel med MD5-algoritmen, synest eg det er greitt å kalla det «sjekksum», for eksempel «MD5-sjekksum». («Checksum» vert òg av og til brukt på engelsk i denne samanhengen.) Ser også at «MD5 hash» er omsett med «MD5-kode». Kanskje greitt om ein må skriva kort, men «kode» fungerer ikkje godt åleine.
«Hash table» står oppført som «nøkkeltabell» i fellesordlista. Det er vel *ekstremt* sjeldan ordet finst i brukargrensesnitt (den tekniske implementasjonen er sjeldan relevant, så ein kallar det heller gjerne «lookup table» e.l.), men det er vel OK.
Og «hash tag»/«hashtag» som i #l10n har «emneknagg» som etablert omsetting.
«Hash» som i sjølve #-teiknet vert kalla «firkantteikn», «skigard» eller «nummerteikn». «Nummerteikn» er for spesifikt, «skigard» er kult, men nok vanskeleg å forstå for dei uinnvigde, så eg føretrekker «firkantteikn». Det er òg intuitivt forståeleg.
Synspunkt?
Da er vel "tjallgoritme" ut da kanskje? :-D
Thomas
On Mon, 14 Sep 2020, Karl Ove Hufthammer wrote:

Avtrykksalgoritme og avtrykk (for hash) var nytt for meg, men det fungerer ganske greit og jeg ser at det allerede er ganske godt etablert.
Ja, vi kan godt standardisere på «firkanttegn» for #-tegnet selv om skigard er veldig gøy ;-)
Hans
man. 14. sep. 2020 kl. 21:18 skrev Karl Ove Hufthammer karl@huftis.org:
[kutt] Synspunkt?
On Mon, 2020-09-14 at 21:18 +0200, Karl Ove Hufthammer wrote:
Eg snubla tilfeldigvis over denne sida: https://titan.uio.no/blogg-blogg-blogg/2016/darlige-passordrad-fra-datatilsy...
Der er «hash algorithm» omsett til «avtrykksalgoritme». Og det var vel ikkje så dumt?
det utløyser ikkje jubelscener hos meg, men...
ein hash er ei samanblanding, nedmiksing, samanrøring, samantrekkjing ("digest") av data til ein kortare verdi. ein hash kan brukast som fingeravtrykk for ei fil, og det er forsåvidt presist nok, sidan verken fysiske fingeravtrykk eller ein hash er garantert å vere utan feilidentifikasjonar (verdikollisjonar).
Eg ser me har brukt ulike ord på norsk for «hash», både for ulike presisjonsnivå og (litt) ulike tydingar:
Når «hashing» vert brukt til sjekking av filinnhald, for eksempel med MD5-algoritmen, synest eg det er greitt å kalla det «sjekksum», for eksempel «MD5-sjekksum». («Checksum» vert òg av og til brukt på engelsk i denne samanhengen.) Ser også at «MD5 hash» er omsett med «MD5-kode». Kanskje greitt om ein må skriva kort, men «kode» fungerer ikkje godt åleine.
«SHA1-avtrykk», hmm. det er ikkje ille.
«Hash table» står oppført som «nøkkeltabell» i fellesordlista. Det er vel *ekstremt* sjeldan ordet finst i brukargrensesnitt (den tekniske implementasjonen er sjeldan relevant, så ein kallar det heller gjerne «lookup table» e.l.), men det er vel OK.
dette er vel Perl si skuld, som kallar det andre språk kallar assosiative tabellar (AWK, PHP), map (C++) eller dictionary (Python) for ein "hash". ein implementasjonsdetalj som kom på avvegar.
om du fyrst er inne i ordlista, synest eg du gjerne kan leggje til "assosiativ tabell" som alternativ til "nøkkeltabell".
Og «hash tag»/«hashtag» som i #l10n har «emneknagg» som etablert omsetting.
«Hash» som i sjølve #-teiknet vert kalla «firkantteikn», «skigard» eller «nummerteikn». «Nummerteikn» er for spesifikt, «skigard» er kult, men nok vanskeleg å forstå for dei uinnvigde, så eg føretrekker «firkantteikn». Det er òg intuitivt forståeleg.
heilt greit.
Den 15.09.2020 11:19, skrev Kjetil Torgrim Homme:
On Mon, 2020-09-14 at 21:18 +0200, Karl Ove Hufthammer wrote:
«Hash table» står oppført som «nøkkeltabell» i fellesordlista. Det er vel *ekstremt* sjeldan ordet finst i brukargrensesnitt (den tekniske implementasjonen er sjeldan relevant, så ein kallar det heller gjerne «lookup table» e.l.), men det er vel OK.
dette er vel Perl si skuld, som kallar det andre språk kallar assosiative tabellar (AWK, PHP), map (C++) eller dictionary (Python) for ein "hash". ein implementasjonsdetalj som kom på avvegar.
om du fyrst er inne i ordlista, synest eg du gjerne kan leggje til "assosiativ tabell" som alternativ til "nøkkeltabell".
Hash table/hash map er en velkjent datastruktur. Det blir fort en unødvendig implementasjonsdetalj, for det finnes mange alternativer til key value stores. std::map i C++ er ikke en hash table, men et rødt-svart tre (en av de mest brukte datastrukturene for sorterte assosiative tabeller). Det tilsvarende i C++ er std::unordered_map. Map, key value store og associative array/table er alle generelle termer for en mengde datastrukturer (key value store brukes som regel om persistente lagringssystemer som f.eks. Couchbase og Redis). Hash table er en spesifikk variant som har veldig spesifikke ytelsesmetrikker (amortisert konstant tid og lineær minnebruk).
I sammenheng med datastrukturer og algoritmer er det veldig viktig å være spesifikk på dette punktet, nettopp fordi det er en referanse til en bestemt datastruktur med spesifikke algoritmer for oppslag, innsetting og fjerning.
- Sigmund