Hei
Eg vil gjerne delta i dette arbeidet. Eg kan godt bidra med å oversetje programvare.
Eg er røynd med linux og nyttar gentoo linux til dagen. Eg er svært opptatt av at linux skal bli lettare tilgjengeleg for alle og at det skal vere tilgjengeleg på alle målformer.
Kan nokon vise meg kva eg skal gjere for å delta på prosjektet?
Helsing Håvard ____________________________________________________________________
* + * korsvoll@stud.ntnu.no ' * ' ' ' http://www.stud.ntnu.no/~korsvoll + + + Dybdahlsveg 15c, 7051 Trondheim ' * * Tlf: 73 94 26 91 * + ' + * Mob: 90 16 91 08 + * ' ____________________________________________________________________
Onsdag 11. desember 2002 17:59 skreiv Håvard Korsvoll:
Hei
Eg vil gjerne delta i dette arbeidet. Eg kan godt bidra med å oversetje programvare.
Eg er røynd med linux og nyttar gentoo linux til dagen. Eg er svært opptatt av at linux skal bli lettare tilgjengeleg for alle og at det skal vere tilgjengeleg på alle målformer.
Kan nokon vise meg kva eg skal gjere for å delta på prosjektet?
Eg klipper og limer litt frå eit svar eg sende til ein annan. Snart må me få laga eit skikkeleg velkomstdokument.
Til omsetjing brukar me KDE-programmet KBabel. Omsetjingane og alt anna rundt Skulelinux har me i CVS, som du kanskje kjenner frå før?
Det finst mykje bra informasjon rundt på <URL: http://i18n.skulelinux.no/ >:
<URL: http://i18n.skulelinux.no/Kom.htm > <URL: http://i18n.skulelinux.no/retningslinjer.html > <URL: http://i18n.skulelinux.no/handbok/index.html > <URL: http://i18n.skulelinux.no/cvs-123.html > <URL: http://i18n.skulelinux.no/cvs-inn-123.html > <URL: http://i18n.skulelinux.no/cvs-detaljer.html >
Kortversjonen er slik:
- Hent omsetjingane frå CVS. - Set opp KBabel, og set om ei fil. - Last opp att fila til CVS.
Last ned dei filene som trengst frå CVS. Det passar fint å byrja med omsetjing av KDE-program. Då må du sjekka ut desse modulane:
skolelinux/i18n/head-kde-cvs/templates skolelinux/i18n/head-kde-cvs/nn
Hent gjerne òg bokmålsomsetjinga, fint for samanlikning:
skolelinux/i18n/head-kde-cvs/nb
Viss du har god nettilkopling og plass til eit par hundre MiB, kan du lasta ned heile «skolelinux» eller «skolelinux/i18n».
Når du har katalogane «templates» og «nn», skal du setja opp katalogbehandlaren i KBabel. Det er forklart her: <URL: http://i18n.skulelinux.no/kbabel-guide/kbabel_1.html >
(Dersom du lasta ned bokmålsomsetjinga, kan du setja opp den som jamføringsomsetjing. Det er òg forklart.)
Gjer deg kjent med katalogbehandlaren, for der finn du lett ut kva for filer som treng oppdatering. Du finn dei ulike KDE-modulane her. «others», «kdenonbeta» og «kdeextragear-1» inneheld program som ikkje er særleg viktige. Me prioriterer helst å omsetja dei andre først. «docs» inneheld hjelpetekstar, som er ein litt annan type omsetjingsarbeid (men viktig likevel!).
I omsetjarhandboka finst det meir informasjon om KBabel-bruk.
Etter at du har oppdatert ei eller fleire filer, må du lasta omsetjinga opp att i CVS. Det enklaste då er å gå inn i katalogen «nn» (frå kommandolinja) og køyra «cvs update». Då får du ei oversikt over kva for filer som er endra (linjer som startar med «M»). Du får òg vita om nokon andre har oppdatert CVS i mellomtida. Etterpå køyrer du «cvs commit -m "Omsett mine første filer"». Då lastar du opp dine omsetjingar til CVS, og legg samtidig inn ei loggmelding som skildrar kva du har gjort.
Nokre enkle køyrereglar for CVS:
- Køyr alltid «cvs update» før du startar å jobba (i både «templates» og «nn»). Viss ikkje, kan du risikera å jobba på gamle filer, og det vert berre rot.
- Køyr «cvs commit» (med loggmelding) etter at du er ferdig for dagen. Vent ikkje til neste dag, for då kan nokon andre ha endra filene i mellomtida.
- Dersom det skjer noko rart, spør om hjelp ;-) Eit typisk døme er når to personar har endra den same fila. Dersom person A lastar opp sine endringar først, kan det henda person B får konfliktmelding frå CVS når han prøver å lasta opp sine endringar. Konfliktløysing er skildra i omsetjarhandboka, men spør om hjelp om du er i tvil. (Konfliktar skjer heldigvis sjeldan, iallfall viss du følgjer dei to reglane ovanfor.)
Grunnen til at me brukar CVS er at det er eit veldig trygt system. Det går alltid an å finna ut kva som vart endra, når det hende og kven som gjorde det (og kvifor, dersom loggmeldinga er god). Difor er det aldri farleg å gjera feil -- i verste fall går me berre tilbake til den førre utgåva av fila.
Den enklaste måten å koma i gang på er å koma på omsetjarsamling. Skulelinux har hatt eit par slike samlingar i år, og planlegg fleire til neste år. Me er oftast i Oslo, men dekkjer reise og opphald for deltakarane.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes