Hei,
Mitt navn er Daniel og jeg ønsker å bidra med oversettelsene til bokmål for KDE sin programvare.
Jeg har tidligere arbeidet med oversettelser i blant annet Crowdin, men jeg er litt usikker på hvilken "flyt" dere følger her - og jeg er litt ny til å jobbe direkte med PO-filer. Slik jeg forstår det så legges endringene inn via versjonskontroll?
Hilsen
Daniel
[Daniel Dybing]
Mitt navn er Daniel og jeg ønsker å bidra med oversettelsene til bokmål for KDE sin programvare.
Så hyggelig å høre. Velkommen. Jeg har ikke oversatt KDE på mange år, men sporet opp <URL: https://l10n.kde.org/team-infos.php?teamcode=nb > som hevder å være pekere til hvor oversettelsene organiseres.
Kanskje noen her kan bekrefte om Subversion-depotet er riktig sted å gjøre oversettelsene?
Hei!
Eg trur ikkje Daniel er påmeldt e-postlista (enno). Så de bør setja han på kopi på eventuelle svar.
Her kjem litt kort info:
Viss du ikkje alt er påmeldt, bør du først melda deg på diskusjonslista vår: https://lists.nuug.no/lister3/postorius/lists/l10n-no.nuug.no/
Har du eit spesielt program du vil omsetja? I første omgang bør du velja eit lite og enkelt program.
Og så bør du lesa gjennom dei detaljerte språklege retningslinjene våre som me brukar for omsetjingane: https://l10n-no.gitlab.io/l10n-no-dok/retningslinjer.html Desse er felles for nynorsk og bokmål.
På https://l10n-no.gitlab.io/l10n-no-dok/ finn du òg fleire andre artiklar og ordlister som kan vera nyttige å kjenna til. Det står ikkje noko spesifikt om KDE-prosjektet der (enno), så her kjem litt meir instruksjonar. Litt knapt forklart, men me kan ta det meir detaljert etter kvart. Det er *veldig* kjapt og enkelt når ein først har fått sett ting opp, men litt jobb i oppstarten.
Omsetjingsfilene ligg i eit SVN-depot, og tilhøyrande malfiler ligg i eit Git-depot. For å få tilgang til dei (første gong) køyrer du desse kommandoane frå terminalen, i ei eiga mappe som du sjølv lagar:
git clone https://invent.kde.org/localization/l10n-templates.git mkdir trunk cd trunk svn checkout --depth=files svn://anonsvn.kde.org/home/kde/trunk/l10n-support cd l10n-support svn up nn nb
Du får då omsetjingsfilene for både bokmål og nynorsk (for jamføring), pluss malfiler (for uomsette program).
Kvart program/bibliotek har éi eller fleire .po-filer. Du kan lesa meir (teknisk) om formatet på http://pology.nedohodnik.net/doc/user/en_US/ch-poformat.html, men det er eigentleg ikkje nødvendig å setta seg inn i, då me brukar KDE-programmet Lokalize for redigering av filene, og det tar seg av det tekniske. Du skriv at du tidlegare har brukt Crowdin. Du vil nok raskt oppdaga at redigering med Lokalize er mykje meir effektivt.
Kortversjonen av arbeidsflyten er slik:
– Opna ei fil med omsetjingar – Les den engelske orginalteksten (i øvste rute) – Skriv inn omsetjing til norsk (i nedste rute) – Trykk «Page Down» for å gå til neste tekst
Her er den lengre versjonen:
Start Lokalize, vel «Prosjekt → Opna prosjekt» og så opna fila «nb/kde-bokmal.lokalize» (for bokmålsomsetjingar). Då skal du få ei oversikt over alle omsetjingsfilene, med status. Det vil sjå omtrent slik ut (men dette er nynorskfilene):
Du bør så endra nokre standardinnstillingar i programmet («Innstillingar → Set opp Lokalize»), for eksempel namn og e-postadresse. Her er det eg brukar:
Du bør så oppdatera omsetjingsminnet. Det er ei oversikt over alle omsetjingar som alt gjort, som kan gjera arbeidet mykje raskare og lettare. Gå til «Verktøy → Handsam omsetjingsminne». Sjå at «KDE-programvare på bokmål» er valt og trykk «Legg til data». Sjå at omsetjingsmappa er valt (sluttar på «/nb/summit/messages») og trykk «OK». No skal omsetjingsminnet bli oppdatert i bakgrunnen (tar kanskje 5–10 minutt). Du får gjerne ikkje beskjed når det er ferdig oppdatert. Det er mogleg du må avslutta og starta Lokalize på nytt for at det skal verta teke i bruk etter at det er generert. Alt dette treng du berre gjera manuelt /første gong/.
(Dette veit du kanskje frå før, men eg nemner det likevel:)
Når det gjeld .po-filer, er det kort (og litt forenkla) slik at kvar .po-fil inneheld alt som kan omsettast i eit program. Det er delt inn i «tekstar», som kan vera alt frå korte snuttar, som namnet på ein knapp (eks. «OK»), til lengre kommandoforklaringar, som er på fleire avsnitt.
Kvar oppføring består av ein originaltekst og ei omsetjing. Omsetjinga kan anten vera tom (dvs. den engelske teksten er ikkje omsett), klar (ferdigomsett) eller uklar. Uklare tekstar vert viste i kursiv, med ein oransje lysdiode, og er i praksis det same som tomme omsetjingar, men det ligg eit *forslag* til omsetjing der. Det kan anten ha komme der fordi eit anna program har same eller liknande tekst, eller at den engelske originalteksten er endra etter at omsetjinga vart gjort. Uansett må uklare tekstar gjerast klare, anten ved å markera dei som det (viss omsetjinga er OK, eks. viss endringa som gjorde ho uklar berre var ei retting av ein stavefeil i den engelske teksten, som ikkje påverkar omsetjinga) eller ved å redigera ho (dersom omsetjinga ikkje er i samsvar med originalteksten).
Viss ein tekst er uklar, er omsetjinga basert på ei (litt) anna (eldre) omsetjing enn originalteksten. Originalteksten finn du (oftast) under «Jamføringsomsetjingar» til venstre. Blått er ting som er lagt til i den *nye* originalteksten og raudt er ting som er fjerna (fargane kan vera annleis hos deg). Eksempel:
Her ser me at originalteksten har fått <p> og </p> rundt seg i den nye versjonen. Då må ein legga dei til i omsetjinga òg. Og ordet «style» er bytt ut med «profile». Så det må ein òg endra. Så teksten skal altså oppdaterast til «<p>En profil med dette navnet finnes allerede.</p>».
(Truleg er omsetjingsforslaget tatt frå eit heilt anna program, då «A * with this name already exists» er ei vanleg formulering. Men det er likevel nyttig, då me ser at det er *denne* formuleringa som er brukt før, og ikkje for eksempel «Det finnes en stil med dette navnet fra før av». Det sikrar språkleg konsistens på tvers av program.)
Ein ser òg nynorskomsetjinga som oppføring to under «Jamføringsomsetjingar». Det kan vera nyttig, då nynorsk og bokmål stort sett bør bruka same terminologi og ordlyd. (Her ser me at ordlyden på bokmål og nynorsk er litt forskjellig.) Du kan trykka «Alt + 2» for å kopiera nynorskomsetjinga over, for vidare redigering (det er av og til raskare enn å skriva omsetjinga frå grunnen av). Under «Omsetjingsminne» er ei oversikt over liknande tekstar. Akkurat her var dei ikkje så like eller nyttige, men det kjem iallfall fram at «profil» er den vanlege omsetjinga av «profile» på bokmål. Ofte er omsetjingsminnet *veldig* tidssparande (og kvalitetshevande, då det hjelper til å få ei einskapleg omsetjing).
Når det gjeld bruk av Lokalize, kjem du i første omgang langt med «Page Up»/«Page Down» for å navigera mellom tekstar og «Ctrl + S» for å lagra fila. Men følgjande er omtrent alle snøggtastar du bør kunna:
Førre tekst: Page Up Neste tekst: Page Down Førre «ikkje-ferdige»: Ctrl + Shift + Page Down Neste «ikkje-ferdige»: Ctrl + Shift + Page Down Ctrl + U: Gjer omsetjinga uklar / ikkje-uklar Kopier engelsk tekst til omsetjinga (ofte tidssparande å redigera denne): Ctrl + Mellomrom Alt + [tal]: Kopier inn frå jamføringsomsetjing Ctrl + [tal]: Kopier inn frå omsetjingsminne Ctrl + T: Set inn ein plasshaldar (eks. «%1») i tekstane som har det (Pluss sjølvsagt vanlege tastekomboar for tekstredigering, for eksempel «Ctrl + pil høgre» for å hoppa eit ord til høgre og «Ctrl + Shift + pil venstre» for å merka ordet til venstre. Generelt er det «Ctrl» for å hoppa, «Shift» for å merka og «Home» og «End» for å gå til starten slutten av linja (eller teksten viss du held inne «Ctrl»), i ulike kombinasjonar. Så viss endra teksten frå der skrivemerket er og til slutten av teksten, kan du trykka «Ctrl + Shift + End» og begynna å skriva. Sparar tid.)
Elles er det berre å utforska programmet. Og spør om noko er uklart!
Vennleg helsing Karl Ove Hufthammer
kjetil@sorlund.no via l10n-no skreiv 10.09.2026 10:16:
Hei
Jeg oversetter litt nå og da. Jeg laster ned malfiler via gir og po-filer via svn. Da oversetter jeg i et program som takler po-filer, for min del Lokalize. Setter du opp prosjekt riktig i Lokalize, kanskje også i andre po-programmer, henter den maler for ny oversettelser automatisk fra mal-arkivet og genererer po-filer. Oppdaterer du eksisterende oversettelser vil siste mal alltid være inkludert i siste po-fil. Oversettelser sender jeg til Karl Ove, som laster opp til svn og fletter med evt nye maler.
Akkurat nå har jeg ikke tid til å gå i detaljer da det er litt travelt på hjemmebane, men kan bistå med et greit oppsett senere.
Vennlig hilsen Kjetil Sørlund Kjetil@sorlund.no 934 01 145
-------- Opprinnelig melding -------- Fra: Petter Reinholdtsen via l10n-no l10n-no@nuug.no Dato: ons. 9. sep. 2026, 22:16 Til: l10n-no@nuug.no Kopi: Petter Reinholdtsen pere@hungry.com Emne: [l10n-no] Re: Ønsker å bidra med oversettelser tilbokmål
[Daniel Dybing] > Mitt navn er Daniel og jeg ønsker å bidra med oversettelsene til bokmål > for KDE sin programvare. Så hyggelig å høre. Velkommen. Jeg har ikke oversatt KDE på mange år, men sporet opp <URL: https://l10n.kde.org/team-infos.php?teamcode=nb > som hevder å være pekere til hvor oversettelsene organiseres. Kanskje noen her kan bekrefte om Subversion-depotet er riktig sted å gjøre oversettelsene? -- Vennlig hilsen Petter Reinholdtsen _______________________________________________ l10n-no mailing list -- l10n-no@nuug.no To unsubscribe send an email to l10n-no-leave@nuug.no
l10n-no mailing list --l10n-no@nuug.no To unsubscribe send an email tol10n-no-leave@nuug.no
Hei,
Jeg gikk gjennom innstillingene, og jeg tror ikke jeg hadde fått påmeldt meg på riktig vis.
Men jeg krysser fingrene for at det er i orden nå :-)
Takk for veldig god informasjon og instruksjoner. Jeg skal få satt meg ned og sett ordentlig en av de nærmeste dagene. Samtidig ser jeg fram til å følge med på det som dukker opp i diskusjonslista.
Ha en fortsatt god dag.
Hilsen
Daniel
On 9/14/26 21:16, Karl Ove Hufthammer wrote:
Hei!
Eg trur ikkje Daniel er påmeldt e-postlista (enno). Så de bør setja han på kopi på eventuelle svar.
Her kjem litt kort info:
Viss du ikkje alt er påmeldt, bør du først melda deg på diskusjonslista vår: https://lists.nuug.no/lister3/postorius/lists/l10n-no.nuug.no/
Har du eit spesielt program du vil omsetja? I første omgang bør du velja eit lite og enkelt program.
Og så bør du lesa gjennom dei detaljerte språklege retningslinjene våre som me brukar for omsetjingane: https://l10n-no.gitlab.io/l10n-no-dok/retningslinjer.html Desse er felles for nynorsk og bokmål.
På https://l10n-no.gitlab.io/l10n-no-dok/ finn du òg fleire andre artiklar og ordlister som kan vera nyttige å kjenna til. Det står ikkje noko spesifikt om KDE-prosjektet der (enno), så her kjem litt meir instruksjonar. Litt knapt forklart, men me kan ta det meir detaljert etter kvart. Det er *veldig* kjapt og enkelt når ein først har fått sett ting opp, men litt jobb i oppstarten.
Omsetjingsfilene ligg i eit SVN-depot, og tilhøyrande malfiler ligg i eit Git-depot. For å få tilgang til dei (første gong) køyrer du desse kommandoane frå terminalen, i ei eiga mappe som du sjølv lagar:
git clone https://invent.kde.org/localization/l10n-templates.git mkdir trunk cd trunk svn checkout --depth=files svn://anonsvn.kde.org/home/kde/trunk/l10n-support cd l10n-support svn up nn nb
Du får då omsetjingsfilene for både bokmål og nynorsk (for jamføring), pluss malfiler (for uomsette program).
Kvart program/bibliotek har éi eller fleire .po-filer. Du kan lesa meir (teknisk) om formatet på http://pology.nedohodnik.net/doc/user/en_US/ch-poformat.html, men det er eigentleg ikkje nødvendig å setta seg inn i, då me brukar KDE-programmet Lokalize for redigering av filene, og det tar seg av det tekniske. Du skriv at du tidlegare har brukt Crowdin. Du vil nok raskt oppdaga at redigering med Lokalize er mykje meir effektivt.
Kortversjonen av arbeidsflyten er slik:
– Opna ei fil med omsetjingar – Les den engelske orginalteksten (i øvste rute) – Skriv inn omsetjing til norsk (i nedste rute) – Trykk «Page Down» for å gå til neste tekst
Her er den lengre versjonen:
Start Lokalize, vel «Prosjekt → Opna prosjekt» og så opna fila «nb/kde-bokmal.lokalize» (for bokmålsomsetjingar). Då skal du få ei oversikt over alle omsetjingsfilene, med status. Det vil sjå omtrent slik ut (men dette er nynorskfilene):
Du bør så endra nokre standardinnstillingar i programmet («Innstillingar → Set opp Lokalize»), for eksempel namn og e-postadresse. Her er det eg brukar:
Du bør så oppdatera omsetjingsminnet. Det er ei oversikt over alle omsetjingar som alt gjort, som kan gjera arbeidet mykje raskare og lettare. Gå til «Verktøy → Handsam omsetjingsminne». Sjå at «KDE-programvare på bokmål» er valt og trykk «Legg til data». Sjå at omsetjingsmappa er valt (sluttar på «/nb/summit/messages») og trykk «OK». No skal omsetjingsminnet bli oppdatert i bakgrunnen (tar kanskje 5–10 minutt). Du får gjerne ikkje beskjed når det er ferdig oppdatert. Det er mogleg du må avslutta og starta Lokalize på nytt for at det skal verta teke i bruk etter at det er generert. Alt dette treng du berre gjera manuelt /første gong/.
(Dette veit du kanskje frå før, men eg nemner det likevel:)
Når det gjeld .po-filer, er det kort (og litt forenkla) slik at kvar .po-fil inneheld alt som kan omsettast i eit program. Det er delt inn i «tekstar», som kan vera alt frå korte snuttar, som namnet på ein knapp (eks. «OK»), til lengre kommandoforklaringar, som er på fleire avsnitt.
Kvar oppføring består av ein originaltekst og ei omsetjing. Omsetjinga kan anten vera tom (dvs. den engelske teksten er ikkje omsett), klar (ferdigomsett) eller uklar. Uklare tekstar vert viste i kursiv, med ein oransje lysdiode, og er i praksis det same som tomme omsetjingar, men det ligg eit *forslag* til omsetjing der. Det kan anten ha komme der fordi eit anna program har same eller liknande tekst, eller at den engelske originalteksten er endra etter at omsetjinga vart gjort. Uansett må uklare tekstar gjerast klare, anten ved å markera dei som det (viss omsetjinga er OK, eks. viss endringa som gjorde ho uklar berre var ei retting av ein stavefeil i den engelske teksten, som ikkje påverkar omsetjinga) eller ved å redigera ho (dersom omsetjinga ikkje er i samsvar med originalteksten).
Viss ein tekst er uklar, er omsetjinga basert på ei (litt) anna (eldre) omsetjing enn originalteksten. Originalteksten finn du (oftast) under «Jamføringsomsetjingar» til venstre. Blått er ting som er lagt til i den *nye* originalteksten og raudt er ting som er fjerna (fargane kan vera annleis hos deg). Eksempel:
Her ser me at originalteksten har fått <p> og </p> rundt seg i den nye versjonen. Då må ein legga dei til i omsetjinga òg. Og ordet «style» er bytt ut med «profile». Så det må ein òg endra. Så teksten skal altså oppdaterast til «<p>En profil med dette navnet finnes allerede.</p>».
(Truleg er omsetjingsforslaget tatt frå eit heilt anna program, då «A
- with this name already exists» er ei vanleg formulering. Men det er
likevel nyttig, då me ser at det er *denne* formuleringa som er brukt før, og ikkje for eksempel «Det finnes en stil med dette navnet fra før av». Det sikrar språkleg konsistens på tvers av program.)
Ein ser òg nynorskomsetjinga som oppføring to under «Jamføringsomsetjingar». Det kan vera nyttig, då nynorsk og bokmål stort sett bør bruka same terminologi og ordlyd. (Her ser me at ordlyden på bokmål og nynorsk er litt forskjellig.) Du kan trykka «Alt
- 2» for å kopiera nynorskomsetjinga over, for vidare redigering (det
er av og til raskare enn å skriva omsetjinga frå grunnen av). Under «Omsetjingsminne» er ei oversikt over liknande tekstar. Akkurat her var dei ikkje så like eller nyttige, men det kjem iallfall fram at «profil» er den vanlege omsetjinga av «profile» på bokmål. Ofte er omsetjingsminnet *veldig* tidssparande (og kvalitetshevande, då det hjelper til å få ei einskapleg omsetjing).
Når det gjeld bruk av Lokalize, kjem du i første omgang langt med «Page Up»/«Page Down» for å navigera mellom tekstar og «Ctrl + S» for å lagra fila. Men følgjande er omtrent alle snøggtastar du bør kunna:
Førre tekst: Page Up Neste tekst: Page Down Førre «ikkje-ferdige»: Ctrl + Shift + Page Down Neste «ikkje-ferdige»: Ctrl + Shift + Page Down Ctrl + U: Gjer omsetjinga uklar / ikkje-uklar Kopier engelsk tekst til omsetjinga (ofte tidssparande å redigera denne): Ctrl + Mellomrom Alt + [tal]: Kopier inn frå jamføringsomsetjing Ctrl + [tal]: Kopier inn frå omsetjingsminne Ctrl + T: Set inn ein plasshaldar (eks. «%1») i tekstane som har det (Pluss sjølvsagt vanlege tastekomboar for tekstredigering, for eksempel «Ctrl + pil høgre» for å hoppa eit ord til høgre og «Ctrl + Shift + pil venstre» for å merka ordet til venstre. Generelt er det «Ctrl» for å hoppa, «Shift» for å merka og «Home» og «End» for å gå til starten slutten av linja (eller teksten viss du held inne «Ctrl»), i ulike kombinasjonar. Så viss endra teksten frå der skrivemerket er og til slutten av teksten, kan du trykka «Ctrl + Shift + End» og begynna å skriva. Sparar tid.)
Elles er det berre å utforska programmet. Og spør om noko er uklart!
Vennleg helsing Karl Ove Hufthammer
kjetil@sorlund.no via l10n-no skreiv 10.09.2026 10:16:
Hei
Jeg oversetter litt nå og da. Jeg laster ned malfiler via gir og po-filer via svn. Da oversetter jeg i et program som takler po-filer, for min del Lokalize. Setter du opp prosjekt riktig i Lokalize, kanskje også i andre po-programmer, henter den maler for ny oversettelser automatisk fra mal-arkivet og genererer po-filer. Oppdaterer du eksisterende oversettelser vil siste mal alltid være inkludert i siste po-fil. Oversettelser sender jeg til Karl Ove, som laster opp til svn og fletter med evt nye maler.
Akkurat nå har jeg ikke tid til å gå i detaljer da det er litt travelt på hjemmebane, men kan bistå med et greit oppsett senere.
Vennlig hilsen Kjetil Sørlund Kjetil@sorlund.no 934 01 145
-------- Opprinnelig melding -------- Fra: Petter Reinholdtsen via l10n-no l10n-no@nuug.no Dato: ons. 9. sep. 2026, 22:16 Til: l10n-no@nuug.no Kopi: Petter Reinholdtsen pere@hungry.com Emne: [l10n-no] Re: Ønsker å bidra med oversettelser tilbokmål
[Daniel Dybing] > Mitt navn er Daniel og jeg ønsker å bidra med oversettelsene til bokmål > for KDE sin programvare. Så hyggelig å høre. Velkommen. Jeg har ikke oversatt KDE på mange år, men sporet opp <URL: https://l10n.kde.org/team-infos.php?teamcode=nb > som hevder å være pekere til hvor oversettelsene organiseres. Kanskje noen her kan bekrefte om Subversion-depotet er riktig sted å gjøre oversettelsene? -- Vennlig hilsen Petter Reinholdtsen _______________________________________________ l10n-no mailing list -- l10n-no@nuug.no To unsubscribe send an email to l10n-no-leave@nuug.no
l10n-no mailing list --l10n-no@nuug.no To unsubscribe send an email tol10n-no-leave@nuug.no
-- Karl Ove Hufthammer