I fellesordlista står «container» omsett til «beholder». Og det er jo greitt i mange samanhengar. For eksempel kan ein i ei brukarflate ha ein «behaldar» som inneheld ulike grafiske element (ikon, knappar, panel og sånt). Og eit videoklipp kan vera lagra i eit «behaldarformat» (eks. WebM eller MP4, der fila inneheld videodelen + lyddelen + eventuelle undertekstar osv.).
Men ordet «container» vert òg brukt i virtualiseringssamanheng. Eg ser eit læreverk for VGS kallar dette «serverkonteinarar» eller berre «konteinarar»: https://ndla.no/nn/r/driftsstotte-im-itk-vg2/serverkonteinere/84cc4afa21
Ordet «serverkonteinar» impliserer at ein virtualiserer ein heil tenar, men det treng ein jo ikkje. Eg har elles inntrykk av at ein på norsk i virtualiseringssamanheng stort sett brukar ordet «containers» anten uomsett eller med norsk stavemåte/bøying. Så eit heilt anna avløysarord vil nok vanskeleg slå an.
Eg føreslår derfor at me endrar oppføringa i fellesordlista til:
container → konteiner (bare når det gjelder virtualisering), beholder
Synspunkt?