Hei
No er Beta 3 av debian-installer snart klar. Det er difor på tide å få omsetjingane ferdig. Eg har henta ut nye og oppdaterte filer frå svn'en til debian-installer steg 1 og samla det i ei fil.
Nynorskomsetjingane er i rute. Bokmålsomsetjinga finn de i skulelinux cvs'en under «i18n/other/nb/debian-installer.po».
Eg skal prøve å synkronisere omsetjingane med d-i svn'en kvar kveld.
Helsing Håvard