Ser det har vore lite aktivitet i bokmålsomsettinga i det siste. Vil berre nemna at viss nokon synest dei gjenståande programma som uinteressante, er det mykje spennande i kde4-trunk å omsetta.
Og når det gjeld kde4-stable, er det meste omsett, med unntak av kdegames, som er ganske ufullstendig omsett. Merk at denne er *fullstendig* omsett til nynorsk, og det er gjerne praktisk å bruka jamføringsomsettingsfunksjonen i KBabel til hjelp med bokmålsomsettinga. Denne kan òg brukast til å fylla ut alle nynorskomsettingane som forslag.