Hei. Eg har ein del oppdateringar til den nynorske omsetjinga av KDE. Er det slik at filene fyrst skal sendast til nokon som kan leggje dei opp på Skulelinux-tenaren, og sidan hjå KDE, eller korleis fungerer dette?
Eg har tenkt å halde fram med dette, så eg lurer også litt på korleis det fungerer med SVN-kontoar. Er det berre koordinatorane som har dette, og så sender omsetjarane det dei har omsett til dei, eller?
Mvh, Eirik U. Birkeland
Måndag 12 mai 2008 skreiv Eirik B.:
Hei. Eg har ein del oppdateringar til den nynorske omsetjinga av KDE.
Flott! Hjertelig velkommen på laget.
Veldig kjekt med nye nynorskomsettarar; det treng me verkelig!
Er det slik at filene fyrst skal sendast til nokon som kan leggje dei opp på Skulelinux-tenaren, og sidan hjå KDE, eller korleis fungerer dette?
Ja, i utgangspunktet kan du senda diff-filer til meg, so skal eg legga dei inn om dei ser teknisk og språklige greie ut.
Hugs òg å lesa dei språklige retningslinjene våre http://i18n.skolelinux.no/retningslinjer.html og fellesordlista http://i18n.skolelinux.no/nb/Fellesordl.eng-no.html
Eg har tenkt å halde fram med dette, så eg lurer også litt på korleis det fungerer med SVN-kontoar. Er det berre koordinatorane som har dette, og så sender omsetjarane det dei har omsett til dei, eller?
Når du har sendt nokre omsettingar som alle ser greie ut, er det ikkje noko problem å få direkte skrivetilgang til SVN. Då fungerer det slik at du sender omsettingane til Skulelinux-SVN, og so synkroniserer eg desse med KDE-SVN ein gong i blant. Men i starten er det greiast om du sender diff-filene (eller heile .po-filer) til meg.
Det er berre koordinatorane som har skrivetilgang til KDE-SVN.