Me hadde nokre ufrivillige pausar under samlinga på Bryne i helga, som så mange gongar før ... Det skuldast maskinproblem, noko me sjølvsagt må rekna med når utviklarar og lærarar herjar med maskinene ;-) I ein av desse pausane oppstod tanken om ein eigen tynnklienttenar, berre for omsetjarane. Denne tenaren kan takast med på samlingar og koplast opp med tynnklientar på den staden me er. Me vil òg kunna oppgradera tenaren til å køyra dei programma me faktisk omset, som til dømes KDE 3.1.
(Me veit at det er ulovleg å koma med leverandørspesifikke anbod, men me ser at Shuttle leverer maskiner som me likar godt: Kompakte, kraftige, lekre og rimelege ;-) )
Utviklarane eller andre bidragsytarar vil sikkert òg ha nytte av ei tilsvarande maskin. Då kan dei jobba stabilt mot den, medan dei herjar som vanleg med resten av nettverket.
Her er eit døme på korleis ei maskin kan setjast opp, til ~7000 kr: <URL: http://developer.skulelinux.no/~gautehk/shuttle.pdf >
Her er nokre meir eller mindre tilfeldige tankar frå mi side. Fint om andre kan koma med innspel.
- Separat «mini-Skulelinux-nettverk»: Tenar og LTSP-tenar i eitt. - Får nettverkstilgang gjennom DHCP på eksternt nettverkskort. (Må sikkert tilpassa oppsettet i etterkant slik at dette lèt seg gjera.) - Tynnklientnettverk på internt nettverkskort. - Treng me ECC-RAM, eller er vanleg RAM stabilt nok? (ECC kostar dobbelt så mykje.)
- Lett å transportera (gjerne med eiga veske). - Kopla til tastatur, mus og skjerm på staden. - Kopla til tynnklientar som finst på staden. - Andre maskiner (bærbare) skal kunna kopla seg på same nettverket.
- Køyrer Skulelinux, oppgradert til KDE 3.1 og anna nyttig. - Lasta ned siste CVS på førehand, slik at me kjem raskt i gang og om nødvendig kan arbeida utan Internett-tilgang. - Faste brukarkontoar med ferdig oppsett KBabel, CVS og slikt. - CD-brennar for å kunna brenna ut Skulelinux-plater og ta sikringskopi. - Stabil maskin til å jobba på medan utviklarane herjar med resten av maskinene ;-)
- To små og billege 8-ports svitsjar (kan få plass i veska). - Treng kanskje nokre nettverkskablar, slik at me ikkje er avhengige av at det finst på staden.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes