Gode omsetjarar,
Eg har fått invitasjon frå målungdomen om å halde ei innleiing om omsetjingsarbeid på sumarleiren deira, i Torvikbukt i Gjemnes kommune 7.-12. juli i år. Dei skriv: "Det kan vera generelt om omsetjingsdugnad og nynorsk. Ein kan kanskje til og med snakka om fri programvare og kva som i det heile teke er poenget med det, og korleis det kan vera bra for nynorsken."
Eg sjølv kan ikkje møte på dette. Dersom nokon - truleg fyrst og fremst nynorskingar, men kanskje bokmålingar som kan prate om omsetjingarbeid generelt òg - er interesserte i å halde ei slik innleiing, kan de ta direkte kontakt med leiar i målungdomen, Sebastian Natvik sebastian@malungdom.no.
Beste helsing
Eivind Ødegård