* Axel Bojer (2007-02-05 18:10):
Referatet ligger på:
Når det gjeld punkt 6 om departementet og Språkrådet: eg forstår at det krevst ressursar for å gjera ordlistene betre, men eg kan ikkje forstå at dei ikkje kan publiserast i den standen dei er. Det er jo berre å opplysa om at informasjonen ikkje er oppdatert og kvalitetssikra. Kvaliteten er likevel langt betre enn dei frie ordlistene i dag, og han har jo heller ikkje vore til hinder for at Microsoft og Nyno har fått kjøpt seg tilgang til dei. Det er jo desse listene som ligg til grunn for stavekontrollen i mellom anna MS Word. Kva ventar ein på? Publiser no, oppdater seinare!
Erik