KDE 3.0 kjem ut i desse dagar, med *svært* mangelfull bokmålsomsetjing (les: ikkje oppdatert sidan 2.2.2). Det er synd, men ingen har teke ansvar for bokmålsomsetjinga av KDE 3.
Neste sjanse er KDE 3.0.1, som er ei lita oppdatering og er venta om 3-4 veker. Dersom nokon tek på seg å oppdatera dei filene som ligg i katalogen head-kde-cvs (språkkoden er no «nb»), kan eg overføra dei oppdaterte omsetjingane til KDE etter kvart. Eg har overført våre 2.2.2-omsetjingar, slik at våre forbetringar er komne med. Det er likevel *mange* filer som treng oppdatering. (KOffice har sin eigen kalender, eg veit ikkje når neste KOffice-versjon skal koma.)
Eg har laga statistikk som ligg på <URL: http://i18n.skulelinux.no/head-kde-i18n-statistikk.html >.
Sjølv om me ikkje brukar KDE 3 i Skulelinux enno, er KDE 3 viktig fordi det er den mest synlege delen av KDE og har *mange* fleire brukarar enn Skulelinux. Dessutan vil ikkje Skulelinux bruka KDE 2.2.2 for alltid, det kan til og med henda me går over til KDE 3 før Skulelinux 1.0 er ferdig.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes