Me lurer på ein liten sak i gnome-nn-leiren: Ifølge retningslinene skal me helst bruka «for-» og ikkje «føre-». No stussar me litt på «forhand» vs. «førehand». Begge står i ordboka, men «forhand» er ført opp som eit rein kortspelord: forhand: forhand sitje i, vere i, ha f- i kortspel: ha rett til å spele ut el. melde først
Dette er også ei av tydingane av «førehand». Tolkar me ordlista og retningslinene rett når me brukar «førehand» («førehandsframsyning» eller «førehandsvising») og ikkje «forhand» («forhandsvising» eller «forhandsvising»)?
Laurdag 20. mars 2010 skreiv Åsmund Skjæveland:
Tolkar me ordlista og retningslinene rett når me brukar «førehand» («førehandsframsyning» eller «førehandsvising») og ikkje «forhand» («forhandsvising» eller «forhandsvising»)?
Ja.
Karl Ove Hufthammer skreiv:
Laurdag 20. mars 2010 skreiv Åsmund Skjæveland:
Tolkar me ordlista og retningslinene rett når me brukar «førehand» («førehandsframsyning» eller «førehandsvising») og ikkje «forhand» («forhandsvising» eller «forhandsvising»)?
Ja.
Eigentleg ikkje noe direkte argument her, men i GIMP (nn) og i handboka for GIMP har eg brukt «førehandsvising» for "prewiev". Kolbjørn