Hei
Eg omsett Brasero, eit brenneprogram til GNOME, og lurer på koss ein deler opp estimert tid på forma «HH:MM:SS». Skal eg bruke punktum, slik klokkeslett blir oppdelt, eller kolon?
Sundag 21. mars 2010 skreiv Torstein Adolf Winterseth:
Eg omsett Brasero, eit brenneprogram til GNOME, og lurer på koss ein deler opp estimert tid på forma «HH:MM:SS». Skal eg bruke punktum, slik klokkeslett blir oppdelt, eller kolon?
Du skal bruka punktum. Det er det einaste rette på norsk.
Merk at viss siste element i ein «tidstekst» er hundredelar (hundredels sekund), ikkje sekstidelar, skal det vera *komma* før. Men i ditt tilfelle skal det altso vera «HH.MM.SS», med berre punktum.