Er det noko som er (relativt) vanleg, på norsk, for dei to kantmodellane i CSS? Eg tenkjer på det som i CSS-kode heiter «border-collapse:collapse» og «border-collapse:separate».
Eg er på jakt etter noko for «separate(d) border model» og «collapse/-ing border model», men eg treng og tilhøyrande stikkord for «collapse» og «separate». Det er snakk om brukargrensesnitt for å styra desse CSS-vala.
Eg har prøvd meg med litt av kvart. For «collapse» har eg prøvd «kantsamanfall(-modellen)», «felleskant(-modellen») og «kantkollaps(modellen). For «separate» har eg vald «separatkant(-modellen)». Kantkollaps og separatkant minner mykje om originaluttrykka på engelsk, og det kan jo i seg sjølv vera ei føremon.
Fellesordlista [1] har «folde sammen» for «collapse» og «utvide» for «expand». Utifrå dette, kunne ein tenkt at ein, for «collapse» i denne samanheng, «bør» nytta eit ord som inneheld «fold*». T.d. «kantfoldemodellen». Eller «samanfallmodellen». Utan eg veit om dette er heilt vellukka ...
Eg ser no at OpenOffice-avleggjaren NeoOfficel (for Mac snakkar om) «kantLINJER», så det er og ein variant - som eg i grunnen kan lika litt betre enn berre «kant» (fordi til og med ein firkant utan kantliner har jo likevel ein kant ...) Så medan eg ventar å kva de eventuelt har å seia, kjem eg vel til å tutla med nokre variantar på 'kantline'.
[1] Fellesordlista: http://i18n.skulelinux.no/nb/Fellesordl.eng-no.html
Leif Halvard Silli skreiv 04. mai 2017 15:35:
Er det noko som er (relativt) vanleg, på norsk, for dei to kantmodellane i CSS? Eg tenkjer på det som i CSS-kode heiter «border-collapse:collapse» og «border-collapse:separate».
Kunne kanskje
Kantlinjer: delte Kantlinjer: skilde
(ev. i eintal) fungera i brukargrensesnittet?