Eg klarer ikkje heilt å finna ut kva skilnaden på dei ulike omsetjingsdatabasane i KBabel er. Er det nokon av dykk som veit skilnaden på PO Compendium, TMX compendium og translation database?
2008/2/23 Åsmund Skjæveland asmund.skjaveland@bio.uio.no:
Eg klarer ikkje heilt å finna ut kva skilnaden på dei ulike omsetjingsdatabasane i KBabel er. Er det nokon av dykk som veit skilnaden på PO Compendium,
Dette er ei svær PO-fil, gjerne slått saman av fleire. KDE gav tidlegare ut PO-kompendium der alle omsetjingane var samla i éi fil per språk, men eg trur dei har slutta med det no. Det går treigt å søkja i PO-kompendium i KBabel. Det er betre å laga ein omsetjingsdatabase av PO-kompendiet.
TMX compendium
TMX er eit standardformat for utveksling av omsetjingsminne: http://en.wikipedia.org/wiki/Translation_Memory_eXchange
og translation database?
Dette er det beste omsetjingsminnet i KBabel. Databasen er rask og kan utvidast etter kvart som du omset meir. (Databasen har (eller har hatt?) ein tendens til å vera ustabil, og må av og til slettast og byggjast opp på nytt.)
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes
Åsmund Skjæveland:
Eg klarer ikkje heilt å finna ut kva skilnaden på dei ulike omsetjingsdatabasane i KBabel er. Er det nokon av dykk som veit skilnaden på PO Compendium, TMX compendium og translation database?
Gaute har alt svart på dette, men eg berre undrar meg over korfor du ikkje kjører KBabel på norsk. ;-)
Karl Ove Hufthammer skreiv:

Fordi kde-nn-pakkane ikkje var installert i ubuntuen min, av ein eller annan grunn. Er det betre forklart på norsk?