05.11.01 14:36:45, skreiv Karl Ove Hufthammer huftis@bigfoot.com:
Det finst nokre ord ein skriva på forskjellige former. Det er ein fordel om alle omsetjarane er einige om kva form me skal bruka:
t- eller d-endingar? Eks. øydelagt eller øydelagd, ukjent eller ukjend
Der har eg vore litt usikker (og sikkert inkonsekvent). Skal det vera anten -d eller -t, eller er det avhengig av bøying? ('øydelagd bil', men 'øydelagt hus'?)
Elles har min regel vore 'læreboknormal, med dei formene som fell naturleg for meg der eg kan velja'.
bilete eller bilde?
Læreboknormalen seier 'bilete'.
ljos eller lys?
Eg seier 'lys'.
verktøy eller verkty?
Eg seier 'verktøy'.
line eller linje?
Eg seier 'linje'.
Elles har eg ein kommentar til uttrykket 'Could not'. Eg ser at dette dei fleste plassar (iallfall i KDE og Mozilla) er omsett til 'Kunne ikkje' (eller 'Kan ikkje'), f.eks. 'Could not conect to server' --> 'Kunne ikkje kopla til tenar'. Er det ikkje betre å bruka 'Klarte ikkje', eks. 'Klarte ikkje å kopla til tenar'? Eg synest det høyrest meir naturlig ut.
Ja, det høyrest i grunnen betre ut.
Nett no brukar eg forresten Windows med nynorsk-Opera. Mykje godt språk der, til dømes 'jamsides' for oppstilling av vindauga, 'diskusjonsgruppe' for 'news group' og 'prat' for '(instant) messaging'.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes