Eg har no lagt til ei ny verktøyside, denne gongen om eit gammal skript for uthenting av oversikt over kva ordformer og ord som er brukte i omsetjingane våre (kort sagt ei litt fancy frekvensordliste):
https://l10n-no.gitlab.io/l10n-no-dok/verktoy/frekvensstatistikk.html
Sjølv synest eg dette er svært nyttig ved omsetjing, og eg brukar det mykje. Ta gjerne ein kikk på sida, og prøv om installering og bruk går greitt.
Skriptfilene (dvs. sjølve verktøyet) har eg lagt i eit eige Git-depot, med historikk (som går tilbake til 2017):
https://gitlab.com/l10n-no/l10n-ordfrekvens
Her trengst det litt småopprydding som eg skal få gjort med tid og stunder. Eg har førebels berre tatt det som låg der, lagt på lisensinfo og markdownifisert README-fila. (Men no er dokumentasjonen frå den fila altså òg overført til nettsidene våre, og oppdatert/finpussa der.)