Når ein skriv inn passord må ein vanligvis gjenta dette ein gong. Om ein ikkje skriv inn same passord begge gongane får ein ei feilmelding. Eg ser det er fleire forskjellige måtar dette er formulert på i omsettingane:
Passorda stemmer ikkje. Passorda stemmer ikkje overeins. Passorda er ikkje identiske. Passorda er ikkje like. Dei to passorda var ikkje like.
Me bør bli einige om éi sams form. Forslag?
Onsdag 31. mars 2004 20:26 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Passorda stemmer ikkje. Passorda stemmer ikkje overeins.
«stemmer ikkje» er ikkje heilt godt.
Passorda er ikkje identiske. Passorda er ikkje like. Dei to passorda var ikkje like.
Fortidsform er unødvendig.
«Passorda er ikkje like» trur eg er best.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes
Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com skreiv i innlegget news:200403312041.42645.gaute@verdsveven.com:
«Passorda er ikkje like» trur eg er best.
Eg er einig. Eg har no oppdatert alle filene i CVS.