Sakset fra Språkrådet:
(7.10.08) I statsbudsjettet som blir lagt fram i dag, foreslår regjeringa å auke driftsløyvinga til Språkrådet med 4,3 millionar kroner. Til språkbanken er det sett av 2,5 millionar.
Dette skriv Kultur-og kyrkjedepartementet i ei pressemelding:
«I vår la regjeringa fram St.meld. nr. 35 (2007-2008) Mål og meining. For å følgje opp intensjonen i meldinga om å gje Språkrådet eit heilskapleg språkpolitisk ansvarsområde foreslår regjeringa å auke driftsløyvinga med 4,3 millionar. I tillegg er det sett av 2,5 millionar kroner til arbeidet med ein norsk språkbank.»
Kilde: http://www.sprakrad.no/Toppmeny/Aktuelt/Pengar-til-Sprakradet-og-ein- norsk-sprakbank/
Beste hilsener
Knut Yrvin