Alexander Jansen alexander.jansen@hesbynett.no skreiv Tue, 11 Oct 2011 17:09:30 +0200
Den 10/10/11 03:51, skreiv Yngve Spjeld Landro:
Vyrde omsetjarar,
eg held på å setja om Diaspora (http://en.wikipedia.org/wiki/Diaspora_(software)) til nynorsk og har kome til det problematiske ordet "pod". Ein pod er ein tenar som du sjølv styrer (https://joindiaspora.com/). Det eg no lurer på er om eg skal nytta termen "pod" eller heller nytta eit omgrep som folk lettare skjøner slik som "tenar" eller "grein". På svensk og halv-dansk^W bokmål ser eg at ordet ikkje er sett om.
Ser fram til ordskiftet.
f. eks. "mellomtenar"
Mellomtenar vil ikkje fungera sidan kvar pod er ei sjølvstendig eining som du kan velja om skal vera med i det store nettverket eller ikkje.
Sidan ein òg kan velja å stå utanfor andre nettverk har eg vel funne ut at eg ikkje bør nytta "grein" heller. Då blir det vel til at eg vel det generelle ordet "tenar".
Takk for innspelet.