Eg har no lagt til ei nynorsk PO-fil for AbiWord i 'skolelinux/i18n/other/nn/abiword/gettext/'. AbiWord brukar ikkje gettext internt, og fila er derfor berre automatisk generert frå 'nn-NO.strings'. Ho er berre meint brukt for jamførings- og grovomsetting.
Elles minner eg om at det ligg ein del PO-filer under 'skolelinux/www' òg (altso under 'www' og ikkje 'i18n'). Sørg for at omsettingsprogrammet dykkar plukkar opp desse òg!