Hei
Eg kan diverre ikkje vere med på omsetjarsamlinga i helga (skal heim og sanke sauer). Men eg har eit forslag om førebuing til samlinga. De kan skriva ut eit kapittel kvar frå hjelpetekstar i KDE som er ferdig omsett til nynorsk eller bokmål (eg tenkjer spesiellt på hjelpetekstane til Konqueror på nynorsk). Les så korrektur på papir (mykje lettare enn på skjerm synes eg), fint arbeid til tog/bussturen til Oslo. Så kan de føra inn rettingane på samlinga.
Framgangsmåte: 1. Kopier dei ferdig genererte docbook-filene frå skolelinux-cvs'en til KDE sin dokumentasjonskatalog som root. cp -R skolelinux/i18n/head-kde-i18n/nn(nb)/doc/<kdemodul>/<kdeprogram> /usr/ share/doc/kde/HTML/nn(nb)/
2. Opna hjelpeteksten i kde sin hjelpetekstlesar og skriv ut kapittelet.
Eg er snart ferdig med språkvask av KMail sine hjelpetekstar, så de treng ikkje jobba med dei.
Helsing Håvard