Hva pleier dere å bruke som term for "soft delete" eller "soft deletion", dvs. når man ikke sletter data, men merker det som slettet.
Microsoft bruker "myk sletting", men det ser ikke ut til å være mye brukt ellers.
- Sigmund
PS. Prøvde å søke i arkivet til lista, men det ser ut som om arkivet ikke har blitt indeksert.
Sigmund Hansen skreiv 12.08.2024 15:04:

Har eigentleg ikkje vore borti dette i omsetjingssamanheng (viss ein ser vekk frå at det meste no til dags går i ei «papirkorg» utan å bli sletta direkte). Men synest eigentleg ordvalet ditt, «Merk som slettet», fungerer fint. Eller, litt avhengig av korleis funksjonen fungerer i praksis, «Merk for sletting» eller «Marker for sletting».

Arkivet vert indeksert av dei fleste større søkemotorar, så du kan typisk legga til noko slikt som
site:http://lister.huftis.org/
i ei vanleg søk for berre å søka i arkivet. Eksempel:
Google: https://www.google.com/search?q=delete+site%3Ahttp%3A%2F%2Flister.huftis.org... Kagi: https://kagi.com/search?q=delete+site%3Ahttp%3A%2F%2Flister.huftis.org%2F
Karl Ove Hufthammer skreiv 14.08.2024 20:57:
PS. Prøvde å søke i arkivet til lista, men det ser ut som om arkivet ikke har blitt indeksert.
Arkivet vert indeksert av dei fleste større søkemotorar, så du kan typisk legga til noko slikt som
site:http://lister.huftis.org/
i ei vanleg søk for berre å søka i arkivet.
Eg har òg vore i kontakt med kundestøtte, som har retta problemet på arkivsida. Så no fungerer også søk direkte frå http://lister.huftis.org/pipermail/l10n-no-huftis.org/.
on. den 14. 08. 2024 klokka 20.57 (+0200) skreiv Karl Ove Hufthammer:
Sigmund Hansen skreiv 12.08.2024 15:04:
Hva pleier dere å bruke som term for "soft delete" eller "soft deletion", dvs. når man ikke sletter data, men merker det som slettet.
Microsoft bruker "myk sletting", men det ser ikke ut til å være mye brukt ellers.
Har eigentleg ikkje vore borti dette i omsetjingssamanheng (viss ein ser vekk frå at det meste no til dags går i ei «papirkorg» utan å bli sletta direkte). Men synest eigentleg ordvalet ditt, «Merk som slettet», fungerer fint. Eller, litt avhengig av korleis funksjonen fungerer i praksis, «Merk for sletting» eller «Marker for sletting».
forsåvidt einig, men då må ein fyrst markere meldingar for markering for sletting ;)
(i min Evolution står det "Merk dei valde meldingane for sletting", så det går bra om ein ikkje overlastar "merking".)
eg trur eigentleg ikkje ein treng belemre brukarar med dette i grensesnittet. om sletting kan angrast eller ikkje er noko som bør forklarast i dokumentasjonen, og då kan ein skrive det fullt ut.
derimot kan det vere behov for det motsette? i GNOME Files vil ein vanlegvis "Flytt til papirkorga" i menyen, men ein kan skru på at ein også får alternativet "Slett for godt" ("Delete permanently…", "…" markerer at du får opp ein dialog der du må stadfeste dette), som altså ikkje kan angrast.