Teikneprogrammet Krita har nyleg fått støtte for «mesh gradients» og «mesh transforms». Ein «mesh gradient» er ein todimensjonal fargeovergang bygd eit irregulært rutenett. Eller som Adobe forklarer (med illustrasjonar) på https://helpx.adobe.com/no/illustrator/using/meshes.html:
A mesh object is a multicolored object on which colors can flow in different directions and transition smoothly from one point to another. When you create a mesh object, multiple lines called mesh lines crisscross the object and provide a way to easily manipulate color transitions on the object. By moving and editing points on the mesh lines, you can change the intensity of a color shift, or change the extent of a colored area on the object.
Ordboka mi føreslår «maske, nett, garn, drev» som omsetting for «mesh». Ordet på engelsk er litt spesielt i det at det *både* kan tyda ei enkeltopning i for eksempel eit (fiske)garn / ei not / ei strømpebukse – det me på norsk kallar ei «maske» – *og* eit heilt produkt (stoff) som består av slike. På norsk vert vel berre «maske» brukt om enkeltopninga.
Eg har tidlegare omsett «colour gradient» til «fargeovergang». Føreslår å kalla «mesh gradient» for «maskeovergang» på norsk (det med «farge» er underforstått, og «maskefargeovergang» er langt). Alternativet «nett-» fungerer dårleg, då ein lett tenker på Internett, datanettverk og slikt, og «garn» vert for sært/misvisande.
Men «meshes» kan òg brukast til å fordreia eit objekt, «mesh transforms». Eksempel på https://krita.org/en/item/first-beta-of-krita-4-4-2/. Her føreslår eg «masketransformering». Eit anna (betre?) alternativ hadde vore «maskefordreiing», men eg har brukt «fordreiing» i ein annan samanheng («warp»), så det passar kanskje ikkje så godt. Merk at ein «mesh transform» er noko anna enn ein «cage transform» – ei «burtransformering». Med burtransformering fordreier ein ein figur berre basert på *omrisset* (eks. https://docs.gimp.org/2.10/nn/gimp-tool-cage.html), mens i ei masketransformering endrar ein på det indre rutenettet / maskene.
Synspunkt?
[Karl Ove Hufthammer]
Synspunkt?
Jeg bruker av og til 'gitter' om 'mesh'. Kanskje gitterovergang/gitteromforming kan fungere?