Kjetil Torgrim Homme via l10n-no skreiv 28.09.2026 22:25:
Eg skal omsetja uttrykket «casual game» og lurer på kva eg skal kalla det på norsk. I ei lengre setning ville det kanskje vore naturleg å omtala det som enkelt «tidsfordriv» e.l., men i min samanheng vil eg helst ha med ordet «spel». Det skal stå saman med andre spelsjangrar, for eksempel actionspel og kortspel.
eg hadde ein del e-post liggjande igjen frå ferien som eg ikkje hadde lese, men eg dristar meg til å meine noko no, 6-7 veker seinare :)
Det er aldri for seint å svara her på e-postlista. Sjølv har eg komme med svar nesten 11 år etter siste melding[1]. Og snart er det jo òg Email Debt Forgiveness Day (https://emaildebtforgiveness.me/). :)
av alternativa du nemner, likar eg best "avslappa spel" (som er noko litt anna enn "avslappingsspel"). "lettbeint" verkar framand på meg.
om ein ser til klede og mote, er "casual wear" gjerne omsett til "kvardagsklede". "kvardagsspel" kling ganske godt i mine øyre. ein annan innfallsvinkel er som du er inne på i innleiinga, "tidtrøytespel".
Eg synest vel «tidtrøytespel» (ev. berre «tidtrøyte») seier litt meir om kva det heile går ut på, og «kvardagsspel» er ikkje heilt språkleg perfekt eller transparent (står det for eksempel i motsetning til «helgespel»?), men det er då *nokolunde* forståeleg. Og det er jo eit ord som har blitt brukt nokre gongar på nettet. Og me har også fleire «kvardags-»-ord på norsk, som kvardagskost, som er definert som «vanleg, enkel mat».
Og ikkje minst har me fått tre «stemmer» for «kvardagsspel» (du, Solbu og Dybing), så me kan gå for det. Eg legg det inn i fellesordlista.
[1] https://lists.nuug.no/lister3/hyperkitty/list/l10n-no@nuug.no/message/EHEBOY...