Hei,
eg har meldt meg inn p� lista her for � sj� om det er nokon som kan hjelpa oss med nokre siste utest�ande problem som me har med omsetjinga av MediaWiki. MediaWiki er programvaren som driv Wikipedia, og den nynorske omsetjinga skal sj�lvsagt brukast p� den nynorske wikipediaen http://nn.wikipedia.org.
For � sj� og evt. redigere omsetjinga, g� til http://meta.wikimedia.org/wiki/LanguageNn.php, diskusjon og dokumentasjon av omsetjinga f�reg�r p� http://meta.wikimedia.org/wiki/Talk:LanguageNn.php.
Vansklege ord: __Undelete__ Eg ser at Skolelinux si bokm�lomsetjing av dette er "gjenopprett", finn ikkje dette i Bokm�l- og nynorskordboka og det h�yrest ikkje spesielt nynorsk ut. Clue online omset det til "angre sletting" og "tilbakekalle". Me har enda opp med "Attopprett". Kommentarar?
__Feed__ Eg fant ein diskusjon av dette ordet p� ein blogg http://blogg.huftis.org/arkiv/2003/10/04/119/, og enda opp med "F�ring". Det er her snakk om RSS Feed, eller Atom Feed. Kommentarar?
__TOC__ Forkortinga for "Table of contents" er "TOC". Fins det noko tilsvarande forkorting som er i bruk for "innhaldsliste"?
Hugs at det er ope for alle � gjera endringar og komma med kommentarar p� websidene eg gav i byrjinga av e-posten, ellers vert eg like glad for respons her p� lista.
Helsing, --Guttorm Flatab�
(Dittaeva)
On tor, 2004-10-14 at 00:36 -0700, Guttorm Flataboe wrote:
Vansklege ord: __Undelete__ Eg ser at Skolelinux si bokmlomsetjing av dette er "gjenopprett", finn ikkje dette i Bokml- og nynorskordboka og det hyrest ikkje spesielt nynorsk ut. Clue online omset det til "angre sletting" og "tilbakekalle". Me har enda opp med "Attopprett". Kommentarar?
eg synest ikkje "attopprett" fungerer så bra, det er naturleg å lese dette som "attopp-rett", noko som ikkje gjev meining, og ein må gå attende og lese ordet på nytt. eg likar betre ein av "hente fram att", "angre sletting", "omgjere sletting".
__Feed__ Eg fant ein diskusjon av dette ordet p ein blogg http://blogg.huftis.org/arkiv/2003/10/04/119/, og enda opp med "Fring". Det er her snakk om RSS Feed, eller Atom Feed. Kommentarar?
litt vanskeleg å lese teksta di sidan alle ikkje-amerikanske teikn er fråverande, men eg reknar med at ordet skal vere "fôring". kven fôrar kven? har det noko med ringane røyrleggjarar brukar for å gjere skøytar tette eller meir haldbare? eg har meir sansen for "straum", sjølv om dette ordet også vert brukt i samband med lyd- og filmoverføringar på nettet.
Hugs at det er ope for alle gjera endringar og komma med kommentarar p websidene eg gav i byrjinga av e-posten, ellers vert eg like glad for respons her p lista.
som du sikkert har merka, er det ikkje så mykje diskusjon på denne lista. det meste skjer på felleslista for nynorsk og bokmål, i18n-no.