Eg har sett på dei nyaste ordlistene frå Microsoft, og kan melda at dei no har gått over til ISO 639-2-kodar, med skilje mellom nynorsk og bokmål. Filene har namn som 'nob-nor-csv- MediaPlayer8.csv' ('nor' er her 'Norge', ikkje 'norsk'). Dette er bra, då bruk av kodar som 'no' eller 'nor' for bokmål berre fører til problem, og bør unngåast for ein kvar pris.