Gode dykk,
Eg veit sopass som at språkkodane som blir brukte ved omsetjing til norsk, er noko upresise: nn, nb og no er i bruk.
Eg har akkurat byrja sjå på omsetjing av radioautomasjonssystemet Rivendell (rivendellaudio.org). Der bruker dei qt-linguist til å omsetja. Eg har sovidt opna ei fil i qt4-linguist, og får valet mellom "Norwegian" og "nynorsk" når eg skal setja opp språk for omsetjingsfila. Eg går ut frå at programmet her skil mellom "no" og "nn". Difor eit lite spørsmål:
Vil det vera greitt om eg bruker språkkoden "no" eller "no_NO" for prosjekt som frå før ikkje finst på norsk, og der - kva skal me seia - hjelpeprogramma legg opp til det?
Ver gode å ikkje sjå dette som banning i kyrkja - eg spør slik fordi eg ikkje veit betre :-)
Beste helsing
Eivind Ødegård
_________________________________________________________ Alt i ett. Få Yahoo! Mail med adressekartotek, kalender og notisblokk. http://no.mail.yahoo.com
Fredag 16. januar 2009 skreiv Eivind:
Eg veit sopass som at språkkodane som blir brukte ved omsetjing til norsk, er noko upresise: nn, nb og no er i bruk.
Nei, språkkodane er ikkje upresise. Det er *berre* «nn» og «nb» som skal brukast. Dei aller fleste programma og systema som før brukte «no» er retta opp, og dei siste restane av «no» prøver me å bli kvitt¹.
Eg har akkurat byrja sjå på omsetjing av radioautomasjonssystemet Rivendell (rivendellaudio.org). Der bruker dei qt-linguist til å omsetja. Eg har sovidt opna ei fil i qt4-linguist, og får valet mellom "Norwegian" og "nynorsk" når eg skal setja opp språk for omsetjingsfila. Eg går ut frå at programmet her skil mellom "no" og "nn".
Nei, det stemmer ikkje. Programmet skil mellom «nb» og «nn». Korfor «nb» feilaktig har fått skildringa Norwegian, veit eg ikkje. Det må du spørja utviklarane av Qt Linguist om. Me rår til å bruka namna «Norwegian Bokmål» og «Norwegian Nynorsk» på engelsk, jf. avsnittet «Namn på språk og land» i retningslinjene våre: http://i18n.skulelinux.no/retningslinjer.html
Dette er òg i samsvar med dei internasjonale standardane ISO 639 og tilråingar frå Språkrådet.
Vil det vera greitt om eg bruker språkkoden "no" eller "no_NO" for prosjekt som frå før ikkje finst på norsk, og der - kva skal me seia - hjelpeprogramma legg opp til det?
Nei. Du bør berre bruka språkkodane «nb» («nb_NO») og «nn» («nn_NO»).
¹ Eitt eksempel på nokon som ikkje har fått retta dette er tidligare norsk Wikipedia, som har gått over til å vera Wikipedia på bokmål for fleire år sidan, men utan å vilja retta opp språkkoden. Håpar nokon kan få dei på betre tankar.
Du bør berre bruka språkkodane «nb» («nb_NO») og «nn» («nn_NO»).
Takk. Då veit eg det, og går til verks litt visare enn før.
Eivind
_________________________________________________________ Alt i ett. Få Yahoo! Mail med adressekartotek, kalender og notisblokk. http://no.mail.yahoo.com