Tux Paint er eit teikneprogram for dei yngste, tilgjengelig på både nynorsk og bokmål. Eg har skrive litt om det her: http://huftis.org/artiklar/tuxpaint-pa-nynorsk/
Neste versjon kjem om ei veke eller so, og det hadde vore fint å hatt fullstendige omsettingar. Eg vedlikeheld sjølv nynorskomsettinga, og har til no prøvd å halda bokmåls- omsettinga oppdatert òg. Men eg har ikkje veldig lyst eller tid til å halda fram med dette.
Er det nokon som kan tenka seg å overta? For tida er programmet fullstendig omsett til bokmål, men det er rundt 130 tekstar som er skildringar av stempla (små teikningar) som må oppdaterast / settast om. Nynorsk- omsettinga er her komplett, og kan og bør brukast som mal.
I tillegg kan oppsettprogrammet og nettstaden til Tux Paint òg settast om, men dette er ikkje so viktig.
Eg har ikkje tenkt å oppdatera desse før neste versjon, so bokmålsomsettinga vert altso noko mangelfull om ingen vil ta ansvar her …
Send ei melding til meg eller lista om du er interessert.