Prosjektet 'Linux i skulen' arbeider med å setja saman ein Linux-pakke for bruk i den norske skulen. Støtte for begge dei norske språka er eit viktig prinsipp, og så langt det let seg gjera vil Skulelinux òg støtta samiske språk.
Som de sikkert veit, er Linux alt godt rusta på nynorskfronten. Me treng likevel fleire folk som kan gjera ein frivillig, stor eller liten jobb. Hjelpetekstar, brukarhandbøker og ikkje minst dataprogram av alle slag skal setjast om.
Du treng ikkje kunna data eller Linux for å kunna hjelpa. Omsetjing er ikkje så vanskeleg, og korrekturlesing er endå enklare. Du vil uansett få hjelp til å koma i gang.
Informasjon om prosjektet finst på <URL: http://skolelinux.ping.uio.no/ >, og etter kvart òg på <URL: http://www.linuxiskulen.no/ > og <URL: http://www.skulelinux.no/ >.
Dersom du er interessert, kan du melda deg på ei eller fleire av e-postlistene våre -- det er her ting skjer:
Nynorsk: i18n-nn@lister.ping.uio.no Gå til <URL: http://lister.ping.uio.no/ping/mailman/listinfo/i18n-nn > for å melda deg på.
Bokmål: i18n-nb@lister.ping.uio.no Gå til <URL: http://lister.ping.uio.no/ping/mailman/listinfo/i18n-nb > for å melda deg på.
(Nord)samisk: i18n-sme@lister.ping.uio.no Gå til <URL: http://lister.ping.uio.no/ping/mailman/listinfo/i18n-sme > for å melda deg på.
Fellesliste: i18n-no@lister.ping.uio.no Gå til <URL: http://lister.ping.uio.no/ping/mailman/listinfo/i18n-no > for å melda deg på. Her diskuterer me terminologi og alt anna som bør samkøyrast mellom dei ulike språka (iallfall bokmål og nynorsk).
Liste for heile Skulelinux: linuxiskolen@vlug.sysedata.no Send ein tom e-post til linuxiskolen-subscribe@vlug sysedata no for å melda deg på. Dette er ei meir 'teknisk' liste, altså ikkje berre for omsetjarar.
Skulelinux er eit verkeleg spennande prosjekt, som alt no har aktiv kontakt med fleire skular og offentlege instansar. Me satsar på at første testutgåva skal vera klar i midten av august, og den første ferdige utgåva på nyåret 2002. Anten du gjer ein stor eller liten innsats, er du hjarteleg velkomen til å vera med!
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes