Hei!
Eg har laga til eit lite skript for automatisk generering av ein termbase, til hjelp i omsettingsarbeidet. Dette finn dokker i mappa «skript/termbase» i SVN.
Køyr skriptet: ./lag-termbase.sh nn Det vert no laga ei fil «nn.po» med termar basert på nn-omsettinga (nynorskomsettinga) av KDE. Ved å legga til ein funksjon «term» (instruksar om dette står i fila) i .bashrc, kan dokker kjapt slå opp i termbasen, med syntaksen «term regulært-uttrykk».
Eksempel:
$ term joystick joystick → styrespak
Viss det finst fleire treff, vert alle viste:
$ term browse browser → nettlesar browse → bla; Bla gjennom web browser → nettlesar filesystem browser → filhandsamar; filsystemvisar […]
Treffa vert viste med less-verktøyet, så viss resultata går over meir enn eitt skjermbilde, kan dokker bla gjennom dei med piltastane eller «Page Up»/«Page Down». Trykk «q» for å avslutta.
Termbasen inneheld termar med opp til tre ord. Bruk mellomrom med vanleg bash-syntaks:
$ term original\ author original author → opphavsperson.; opphavsperson; Opphavleg utviklar; Opphavleg opphavsperson developer and original author → Hovudutviklar og opphavsperson
Søkeuttrykket er eit (utvida) regulært uttryk, så dokker kan bruka same syntaks som med «grep -E»:
$ term '(open|save) file' open file → Opna fil save file → Lagra fil; Lagra fila unable to open file → Klarte ikkje opna fil; Klarte ikkje opna fila open files → Opne filer; Opna fil; Opna filer failed to open file → Klarte ikkje opna fila save file as → Lagra fil som open file manager → Opna filhandsamar; Opna filhandsamaren open file dialog → filopningsdialog; Opna fil-vindauge; Opna fildialog.
For å *ikkje* søka inni ordet, bruk ordskiljaren \b. Kommandoen «term '\bfile\b' vil altså finna termar med «file» men ikkje dei som berre inneheld «profile».
Termsøket vert gjort både på engelsk og målspråket. Søk etter norske ord fungerer altso fint:
$ term omsetjing translation → omsetjing translator → omsetjing; omsetjar Computer-aided translation system → Dataassistert omsetjing translation memory → Søk i omsetjingsminne; omsetjingsminne […]
Den automatiske termuthentinga (som for øvrig brukar poterminology-verktøyet) er ikkje perfekt, men fungerer overraskande bra.