Eg har no oppdatert omsettingsfilene for KDE etter dei siste endringane hos KDE sentralt. Hos KDE er 4.9 stable og 4.10 trunk, og dei er no i praksis ganske identiske (med unntak av program som berre finst som trunk-versjonar, sjølvsagt). Dette medfører at det er noko færre tekstar totalt i våre PO- og POT-filer, men samtidig medfører det også at tekstar som berre fanst i 4.8 (vart endra i 4.9) er heilt ute.